Elise Midtbø

Kopi av EliseMitt namn er Elise og eg ynskjer å bli din styrerepresentant!

Eg er opprinneleg frå Norddalsfjord i Sogn og Fjordane, og er no på siste året av bacheloren i Økonomi og administrasjon på NTNU i Ålesund. I tillegg til studie er eg styreleiar i fleire lag, samt tillitsvalt for mine medstudentar.

På eit så stort universitet, er noko av det viktigaste i mine auger at vi blir høyrd, uavhengig av kva campus vi høyrer til. Studentombodet som kjem til hausten er eit veldig godt tilbod, men det bør utviast. Det bør være tilgjengeleg på kvar campus. Eg kjem til å vere ein talsperson for studentane i alle tre byane.

Kvardagen vert meir digital og dynamisk og det er viktig at undervisninga held følgje. Her har NTNU som Noregs største universitet eit ansvar. Streaming av undervisning gjer at ein kan nytte fagmiljø på tvers av campus på ein kostnadseffektiv måte. Satsing på innovative læringsareal, studentaktiv undervising, mindre bruk av auditorium og meir ferdigheitstrening er noko eg støttar. La studentane være ein aktiv del, medan forelesar er vegleiar. Arbeidserfaring i studietida er viktig. Det vil utfordre meir, og forståinga vil verte betre ved å setje teorien inn i det praktiske. Eg er for arbeidserfaring på alle studieretningar, men det er viktig at dette ikkje skal verte ein kostnad, det må verte støtta av NTNU.

Dersom du ynskjer nokon som set din studiekvardag i fokus, stem på meg!


English

My name is Elise, and I want to be your member of the NTNU board.

I am originally from Sogn og Fjordane, but am currently on the last year of my Bachelor degree on Campus Aalesund. In addition to this I am also the board leader in many organizations, and elected to represent my fellow students.

One important thing for me is that our opinions are heard. I am going to be a spokesperson for all the students studying on NTNU. I want to work for more visible supervisors and that student representative are available on every campus

Our lifestyle is constantly becoming more digital and dynamic, and it is therefor important that our education develops in the same direction. By the use of online streaming of lessons we can benefit the academic community across campus in a cost effective manner. I want more innovative learning areas, less use of auditorium, the opportunity of internships and the ability to learn through more practical exercises during lessons. Let the students be the active part, while the lecturers are the supervisors. Practical experience during our study is important, it will challenge us and the understanding will be better by applying the theoretical aspects while doing practical tasks. Work experience is something that should be available in every study. It is important that this should not become a financial liability for the students, but that it is provided for by NTNU.