Still som tillitsvalt til studentråd

12. april 2021

Del nyheten: 

No kan du stille som tillitsvalt til studentråda ved NTNU! Kvart fakultet har eit studentråd, og her sit det tillitsvalte frå heile fakultetet. Å sitte i studentråd er ein fin måte å bli kjent med studentar innan fagmiljøet sitt på tvers av studier, og samtidig gjere ein forskjell for dei du studerer med. Det er mogleg å stille dei to neste vekene, fram til søndag 15. april.

Les meir om val til studentråda her.

NTNU har eit velfungerande studentdemokrati der studentråda speler ei viktig rolle. Dei tillitsvalte i studentråda jobbar for at studentane skal få ein betre kvardag i saker som gjeld eksamen, psykososialt miljø, varsling. Dei tillitsvalte jobbar både nært på studentane, gjennom å vere synlege i klassa, halde kontortid og gjennom samarbeid med andre tillitsvalte. Samtidig jobbar dei tett på leiinga ved institutta og fakultetet, som gjer det mogleg å få til gjennomslag som betyr noko for studentane i den tida dei er på NTNU.

Som student kan du stille som tillitsvalt på det fakultet du høyrer til. Studentråda vel både fakultetstillitsvalte (FTV) og instituttillitsvalte (ITV). Det er studentane ved kvart institutt og fakultet som stemmer fram sine tillitsvalte. Stillingane som tilltsvalt på institutt- og fakultetsnivå er honorerte.

Har du sett den nye heimesida til studentråda? Klikk deg inn på studentrad.no, finn ut kva fakultet og institutt som gjeld for deg, og les deg opp på studentrådet ditt. Her finn du også oversikt over kva som skal veljast i ditt studentråd, og kven som er dine tillitsvalte i dag.

Flere nyheter fra Studentvalget:

Sjekk stemmeretten din

Siste veka i april opnar valet av studentrepresentantar til NTNU-styret, samt val av institutt- og fakultetstillitsvalte. For å kunne avgi stemme når valet opnar, må

Les mer
Bilde av Emilie, Bilal og Roar fra valgstyret

Valgstyret og valgdatoer er satt

De tre personene som skal koordinere studentvalget høst 2022 er blitt oppnevnt av Studenttinget sitt Arbeidsutvalg. Bilal Sheikh, Emilie Faarup Storvik og Roar Brakstad fra

Les mer

Still til NTNU-styret

No er det endeleg mogleg å stille som kandidat til NTNU-styret! Kandidatskjemaet ligg ope på studentvalget.no fram til søndag 18. april kl 23.59. Om du

Les mer

Valgresultatene er klare!

De digitale valgurnene er stengt og resultatene i Studentvalget er klart! For resultater i valg av tillitsvalgte til studentrådene, sjekk nettsiden og SoMe – kanalene

Les mer
Hopp rett ned til innholdet