Sjekk stemmeretten din

Siste veka i april opnar valet av studentrepresentantar til NTNU-styret, samt val av institutt- og fakultetstillitsvalte. For å kunne avgi stemme når valet opnar, må du stå i manntalet til NTNU. Det kan vere lurt å dobbeltsjekke at dette er i orden.

Frå i dag og fram til 5. mars er det mogleg å sjekke at du er oppført på riktig institutt og fakultet. Vi anbefaler deg å sjekke dette, så du er sikker på at du får stemt på tillitsvalte ved ditt eige institutt og fakultet. Dette gjeld også for studentane som har registrert stemmestad i studentweb.

Du kan sjekke manntalet og eventuelt sende inn klage på manntalet i valgweb dersom noko ikkje stemmer.