Uncategorized

Siste mulighet til å stemme i studenvalget!

Studentvalget ved NTNU nærmer seg slutten, og kl 23.59 i dag går fristen ut for å stemme på de du vil skal representere studentene i året som kommer.

Det skal velges to studenter til NTNU-styret, samt tillitsvalgte på fakultet og institutt. Alle studenter ved NTNU har stemmerett.

Du kan stemme på dine favorittkandidater her.

De tillitsvalgte sørger for at studentene blir hørt i saker som betyr noe for studiehverdagen. Dette gjelder alt fra rettigheter rundt eksamen, til studentenes psykososiale miljø. En stemme i studentvaglet bidrar til å støtte de tillitsvalgte som fremmer studentenes interesser i møte med ledelsen.

Still som tillitsvalt til studentråd

No kan du stille som tillitsvalt til studentråda ved NTNU! Kvart fakultet har eit studentråd, og her sit det tillitsvalte frå heile fakultetet. Å sitte i studentråd er ein fin måte å bli kjent med studentar innan fagmiljøet sitt på tvers av studier, og samtidig gjere ein forskjell for dei du studerer med. Det er mogleg å stille dei to neste vekene, fram til søndag 15. april.

Les meir om val til studentråda her.

NTNU har eit velfungerande studentdemokrati der studentråda speler ei viktig rolle. Dei tillitsvalte i studentråda jobbar for at studentane skal få ein betre kvardag i saker som gjeld eksamen, psykososialt miljø, varsling. Dei tillitsvalte jobbar både nært på studentane, gjennom å vere synlege i klassa, halde kontortid og gjennom samarbeid med andre tillitsvalte. Samtidig jobbar dei tett på leiinga ved institutta og fakultetet, som gjer det mogleg å få til gjennomslag som betyr noko for studentane i den tida dei er på NTNU.

Som student kan du stille som tillitsvalt på det fakultet du høyrer til. Studentråda vel både fakultetstillitsvalte (FTV) og instituttillitsvalte (ITV). Det er studentane ved kvart institutt og fakultet som stemmer fram sine tillitsvalte. Stillingane som tilltsvalt på institutt- og fakultetsnivå er honorerte.

Har du sett den nye heimesida til studentråda? Klikk deg inn på studentrad.no, finn ut kva fakultet og institutt som gjeld for deg, og les deg opp på studentrådet ditt. Her finn du også oversikt over kva som skal veljast i ditt studentråd, og kven som er dine tillitsvalte i dag.

Still til NTNU-styret

No er det endeleg mogleg å stille som kandidat til NTNU-styret! Kandidatskjemaet ligg ope på studentvalget.no fram til søndag 18. april kl 23.59.

Om du er interessert i å stille oppfordrar vi deg til å melde inn kandidaturet ditt. Om du er nysgjerrig men framleis usikker, er du velkommen til å ta ein uformell prat med sittande styrerepresentantar om laust og fast rundt vervet.

Det er framleis mogleg å nominere kandidatar som du meiner hadde gjort ein god jobb i vervet.

Kven blir dei neste til å representere studentane i NTNU-styret?

Kunngjering av studentvalet

Endelege rammer for studentvalet våren 2021 er på plass, og skal veljast to nye studentrepresentantar til NTNU-styret, ei kvinne og ein mann. Dei som blir valte skal sitte i eit år fra 1. august 2021 til 31. juli 2022. Desse to får også tilbod om frikjøp frå studiet i perioden og ei heltidsstilling som del av Studenttingets leiargruppe.
 

På mandag er det 4 veker til studentvalet opnar den 26. april. Det blir mogleg å stemme på styrekandidatane til og med torsdag den 29. april. Før valet opnar er det planlagt for ein nominasjonsperiode på to veker der det blir mogleg å stille til styret. Det blir mogleg å melde kandidaturet sitt allereie frå den 6. april til og med 18. april. Kandidatane blir annonserte mandag 19. april, og dei får høve til å drive éi veke med valkamp før valet opnar.

Det skal også veljast tillitsvalte studentar for institutta og fakulteta ved NTNU. Val av desse foregår samtidig som val til NTNU-styret. Følg med på informasjon frå studentrådet ditt for kva du kan stille til og når du kan stemme.

Bildet viser dagens studentrepresentantar i NTNU-styret på Gamle bybro i Trondheim.

Nominer nokon til NTNU-styret

No opnar vi for at du kan nominere nokon du meiner kunne gjort ein god jobb som studentrepresentant i NTNU-styret. Vi ser etter flinke studentar frå heile NTNU som kunne tenke seg å dedikere eitt år til styrearbeid. Kjenner du nokon som burde stille?

Om du nominerer nokon, vil valstyret sende ein uforpliktende e-post med informasjon om stillinga til dei som blir nominert. Merk at dette ikkje er det same som å melde kandidatur, så den nominerte må melde inn kandidaturet sitt sjølv om vedkomande ønsker å stille. Det blir mogleg å melde inn kandidaturet sitt frå 6. april fram til 18. april.

Alle studentar ved NTNU kan stille til NTNU-styret, uansett studieby. Vi håper å få inn mange flinke kandidatar til vårens studentval, og håper fleire vil hjelpe oss med å nå ut til dei mange dyktige studentane som går på NTNU.

Har du spørsmål? Kontakt oss på valgstyret@studenttinget.no

Sjekk stemmeretten din

Siste veka i april opnar valet av studentrepresentantar til NTNU-styret, samt val av institutt- og fakultetstillitsvalte. For å kunne avgi stemme når valet opnar, må du stå i manntalet til NTNU. Det kan vere lurt å dobbeltsjekke at dette er i orden.

Frå i dag og fram til 5. mars er det mogleg å sjekke at du er oppført på riktig institutt og fakultet. Vi anbefaler deg å sjekke dette, så du er sikker på at du får stemt på tillitsvalte ved ditt eige institutt og fakultet. Dette gjeld også for studentane som har registrert stemmestad i studentweb.

Du kan sjekke manntalet og eventuelt sende inn klage på manntalet i valgweb dersom noko ikkje stemmer.

Valgstyret for våren 2021 er valgt

De fire medlemmene som skal koordinere vårens studentvalg er bestemt. Anna Juell Johnsen, Simon Løvdal, Mathilde Sjøhelle Eiksund og Simen Ringdahl utgjør valgstyret. Av de fire er det Simen Ringdahl som opptrer som valgstyreleder.

Vi gleder oss stort til vårens valg. Vi skal jobbe tett med studentrådene for å sikre oss gode kandidater og en god oppslutning.

Simen Ringdahl, valgstyreleder

Datoene for årets valg er allerede publisert etter at NTNUs valgreglement ble endret i styremøte 11. februar.

Resultatene for valget blir publisert den 30. april.

Endringer i NTNUs valgreglement

Under NTNUs styremøte den 11. februar 2021 ble det vedtatt endringer i NTNUs valgreglement. Dette er det styrende dokumentet studentvalget tar som utgangspunkt når de fastsetter valgdatoer.

NTNUs valgreglement fastsetter felles regler for valg av ansatte og studenter til NTNU-styret, fakultets- og museumsstyret, samt valgte medvirkningsorgan ved instituttene. Valgreglementet ble opprinnelig fastsatt av styret i 2005 med hjemmel i universitetsloven § 9-4 (10). Siden den gang har det bare vært behov for mindre justeringer i reglementet ut fra erfaringer og endringer i teknologiske muligheter for valggjennomføring. Siden sist er det registrert noen punkter som bør avklares i valgreglementet.

I praksis betyr dette at nominasjonsperioden kan være åpen lenger, og at tiden mellom kandidatene til styret annonseres og valget åpnes kan reduseres fra 14 til 7 dager.

Skip to content