Kandidat til Studenttinget 2021

Presentasjon:

Karina Nybø

Alder: 25

Studerer: Master i biologi, fullført 1. år

Eg er ei 25 år gammal jente frå Sunnfjord som har vore student i Trondheim sidan 2015. Som student har eg vore aktiv i studentfrivilligheit, både i linjeforeininga og Samfundet, med kor, revy og meir. Difor er nettopp studentfrivilligheita ei hjartesak for meg. Studentbyen Trondheim hadde vore fattig uten! I tillegg er eg svært engasjert i studentpolitikk og har eit sterkt ynskje om å vere med på å arbeide for saker som gjeld alle dei mange aspekta ved å vere student. Eg har mykje erfaring frå både politisk og frivillig arbeid, og trivast godt når eg får arbeide i eit team saman om saker eg bryr meg om, og samtidig få bli kjent med andre engasjerte studentar. Eg ser på Studenttinget som ein viktig arena for vanlege studentar å kunne vere med på å påverke sin eigen kvardag, og oppmuntre alle studentar til å bruke stemma si!

Trenger du litt mer hjelp til å bestemme deg?
Valgomaten hjelper deg å finne ut om du er enig med denne kandidaten.

Er du klar til å stemme?
Gå til valgsiden for å avgi din stemme!

Godt valg!