Kandidat til NTNU-styret

Presentasjon:

Eg heiter Mathilde, er 22 år og kjem frå Volda. Eg har vore student ved NTNU sidan hausten 2016, og har ein bachelor i statsvitskap med sosiologi. I studietida har eg vore aktiv i fleire studentorganisasjonar, som Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH), Linjeforeininga for statsvitskap (Leviathan) og Trondhjems Kvinnelige Studentersangforening (TKS) der eg var leiar i 2019. I TKS har eg samarbeida direkte med ISFiT, UKA og andre grupperingar i Studentersamfundet og Trondheim kommune. Eg har også erfaring med studentutveksling frå NTNU til UC Berkeley.

I forelesingssalen er eg nysgjerrig og kritisk, på fritida leiken og engasjert, og som person er eg empatisk og ansvarsfull. Med ei stemme i NTNU-styret, vil eg jobbe for å fremje perspektiv på saker som eg veit opptar studentar. Dette er tre saker eg bryr meg om:

Dagens studentar er miljøbevisste. Eg vil jobbe for å fremje eit klimaperspektiv i NTNU-styret. Som ein av Noregs største utdanningsinstitusjonar, har vi eit ansvar for å drive samfunnet i ei berekraftig retning. Eg meiner vi må satse enda hardare på forsking retta mot omstilling i det grøne skiftet, og at klimaperspektivet burde vere til stades i alle studieretningar på universitetet. Studentane som kjem frå NTNU burde gå ut enda meir bevisste på klima enn då dei starta her.

Mathilde Sjøhelle Eiksund

Alder: 22
Studerer: Statsvitenskap (Bachelor), 4. år

Studentane ved NTNU er allsidige og engasjerte. Dette meiner eg bør visast igjen både i og utanfor forelesingssalen. Som utvekslingsstudent fekk eg oppleve korleis både munnleg aktivitet, varierte prøver spreidd utover semesteret, og kreative prosjekt med studentar og læringsassistentar samla utgjorde den endelege karakteren i faget. Eg ønsker at fleire studieretningar skal tenke nytt i korleis ein gir faglege vurderingar. Dette trur eg vil bidra til eit enda meir inspirerande læringsmiljø, og eg trur dette er fullt mogleg å få til i enda større grad enn no ved NTNU.

NTNU burde vere i front på digitale løysingar. Universitetet er spreidd over fleire studiebyar. Utfordringane Universitetet står overfor i korona-krisa tvingar tilsette og studentar til å utforske nye måtar å undervise og studere på. Dette er sjølvsagt krevjande, men det opnar også for nye moglegheiter for auka digital kompetanse og kreative løysingar. I framtida kan dette bidra til å knytte saman studiebyane, Trondheim, Ålesund og Gjøvik, og samtidig legge til rette for mindre unødvendig reising. Eg er motivert for å bidra i arbeidet med eit NTNU som finn nye løysingar, og tilpassar seg raskt.

Eg er ei jente med engasjement, erfaringar og fagleg kunnskap som eg meiner kan bidra til å fremje eit tydeleg studentperspektiv i styret. Eg er utadvendt og lett å prate med. Gjennom gode samtalar og gjensidig interesse, trur eg ein kan fange opp viktige innspel frå studentane. Eg har stor arbeidskapasitet, og ei evne til å sette meg inn i saker og vurdere dei frå fleire ståstader. Desse erfaringane og eigenskapane gjer meg godt eigna for å representere eit samansett studentperspektiv i NTNU-styret.

Godt val!

Hvordan bør NTNU se ut om 5 og 10 år?

Målbildet til NTNU for 2025, siktar seg i dag mot å vere eit universitet som «har medverka til kunnskap for ei betre verd gjennom tydeleg å prioritere innsats og ressursar i tråd med FN sine berekraftsmål» ifølge strategien til universitetet. Dette håper eg vi vil lukkast med innan fem år. Eg ser også fram til å sjå utviklinga av campus i Trondheim, og håper at samlinga rundt Gløshaugen vil bidra til eit pulserande studentmiljø, med kort veg til både studentaktivitet ved det planlagte nybygget, samt trening og studium i fleirbruksbygget i Elgesetergate 10.

I strategien for dei neste 10 åra, ønsker eg at vi skal sette enda meir konkrete og ambisiøse mål for berekraft og klima. Når studentar og tilsette pratar om at dei kjem frå NTNU, skal vi vere stolte over å vere del av eit universitet som står i spissen innan berekraft. Dette må skje gjennom digitalisering, bevisstgjering innan alle studieretningar og eit tett samarbeid med lokal innovasjon.

Trenger du litt mer hjelp til å bestemme deg?
Valgomaten hjelper deg å finne ut om du er enig med denne kandidaten.

Er du klar til å stemme?
Gå til valgsiden for å avgi din stemme!

Godt valg!