Ukategorisert

Valstyret og valdatoar er sette

Dei tre personane som skal koordinera studentvalet haust 2022 er vorte oppnemnde av Studenttinget sitt Arbeidsutvalg. Bilal Sheikh, Emilie Faarup Storvik og Roar Brakstad frå Studenttingets leiargruppe utgjer valstyret. Roar Brakstad har tatt på seg ansvaret som valstyreleiaren i haust.

Det blir ein spennande valperiode og eg gleder meg til å samarbeida med å skapa engasjement på tvers av studentorganisasjonane!

Roar Høiby Brakstad, valstyreleiar haust 2022

Datoar for valet i haust

Nominasjonsperiode: 10. oktober – 21. oktober

Valperiode: 24. oktober – 27. oktober

Annonsering av val: 28. oktober

Valgworkshop for valgansvarlige på fakulteta

Valstyret kjem i veke 39 til å koordinera ein valgworkshop for fakultetstillitsvalgte som er ansvarlege for val for studentmassen deira. Dersom du som student har innspel til korleis valet i haust bør gjennomførast kan du ta kontakt med valstyret@studenttinget.no.

Valstyret for våren 2022 er bestemt

Dei tre personane som skal koordinere studentvalet i vår er bestemde. Amalie Farestvedt, Bilal Sheikh og Jørgen Valseth frå leiargruppa til Studenttinget utgjer valstyret. Jørgen har nok ein gong tatt på seg ansvaret som valstyreleiar.

– Vi er godt i gang med planleggingen allerede og ser frem til en god valgperiode.

Jørgen Valseth, valgstyreleder

Årets studentval vil bli gjennomført i mars og resultata vil bli publiserte 1. april.


Skip to content