SLIK STEMMER DU I STUDENTVALET
Det er veldig lett å stemme i Studentvalet. Ta ein titt nedanfor for ein liten steg-for-steg-guide til korleis du bør gå fram for å stemme i studentvalet.
1) Sjekk at du er riktig registrert i manntalet før klagefristen går ut
Manntalet ved NTNU blir oppdatert kvar vår og haust etter semesteroppmeldinga til studentane. Det er kvar enkelt tilsette og student sitt ansvar å kontrollere si eiga registrering. Dette kan ein gjere frå manntalet blir tatt ut til klagefristen går ut to veker seinare. Vårmanntalet blir tatt ut 20. februar. Haustmanntalet blir tatt ut 20. september.
2) Les om kandidatane på Studentvalget.no
Studentvalget.no kjem til å ha utfyllande skildringar av kandidatane. Vi ber deg om å gjere deg godt kjent med kandidatane slik at du kan gjere eit godt val når du skal stemme på dei kandidatane du liker best.
3) Ta valgomaten
Alle kandidatane blir bedne om å ta stilling til viktige spørsmål for NTNUs virke. Valgomaten lar deg bli kjent med kandidatane, og sjå kven av dei du er mest enig med. Valgomaten finn du på studentvalget.no.
4) Stem
Studentvalget.no har også ei tidslinje for valdatoane. Følg med her for å finne ut av når valet opnar, og stem på dei kandidatane du liker! Godt val!
Ønsker du meir informasjon?
Trykk på knappen nedanfor for å få oppdateringar om valet og datoar. Du kan sjølvsagt når som helst ta kontakt med valstyret.