SLIK STILLER DU TIL STUDENTVALET

Det å stille til val er råkult, men det kan også vere skummelt. Vi prøver å gi deg nokre tips som du kan tenke over slik at du kan ta stilling til om du har lyst til å stille.

Meld kandidaturet ditt her!

1) Tenk gjennom kva som motiverer deg

Å stille til val for verv i studentdemokratiet krev at du er engasjert, hardtarbeidande og at du liker å lytte til medstudentane dine. Du skal bli ein tillitsvalt, og då hjelper det å ha opne øyre. Er det noko du ønsker å endre på ved NTNU? Motiverer det deg? Då bør du stille til val!

2) Du kjem til å lære mykje

Å vere tillitsvalt, ja berre det å stille til val i studentdemokratiet, er ein veldig lærerik prosess. Du kjem til å bli godt kjent med NTNU, og lære om mange tunge prosessar som skjer. Alt det du lærer kjem du til å ta med deg vidare, og hugs at det er gode erfaringar å ta med seg vidare i arbeidslivet.

3) Prat med tidligare innehavarar av rolla du stiller til

Du er ikkje den første som stiller til val som tillitsvalt. Det er mange før deg, og det kjem fleire etter deg. Dei som best veit korleis det er å stille til val og sitje som representant for studentane, er dei som allereie har vore i dine sko. Ta kontakt med dei for å få tips eller lære triks. Om du ikkje veit kven du skal kontakte, ta kontakt med valstyret, så skal vi setje deg i kontakt med dei rette personane.

4) Meld kandidaturet ditt

Dette er ikkje lett, men det er kult! Ta sjansen, og kanskje du blir representant for over 40 tusen studentar ved NTNU.

Ønsker du meir informasjon?

Trykk på knappen nedanfor for å få oppdateringar om valet og aktuelle datoar. Du kan sjølvsagt også når som helst ta kontakt med valstyret.

HOLD DEG OPPDATERT

Skriv inn e-postadressen din under, så vil du få påminnelse når valget åpner.

Skip to content