STYRET VED NTNU

Her finn du informasjon om NTNU-styret.

Alle universitet i Noreg har eit universitetsstyre. Styret er øvste organ ved institusjonen. Oppgåvene er skildra i universitets- og høgskulelova. 

Styret har ansvar for at den faglege verksemda held høg kvalitet. Det har også ansvar for at institusjonen er driven effektivt og i samsvar med gjeldane lover, forskrifter og reglar, og innanfor dei rammene og måla som blir gitt av overordna styresmakter. Styret kan delegere noko av vedtaksmyndet til andre ved institusjonen, så lenge ikkje lova krev at styret sjølv skal treffe vedtaket eller det er andre særlege avgrensingar i tilgangen til å delegere. Alle vedtak ved institusjonen som blir fatta av andre enn styret, også som følge av delegering frå styret, er framleis styrets ansvar. 

Styret skal trekke opp strategien for institusjonens utdannings- og forskingsverksemd, og legge planar for den faglege utviklinga. Denne skal vere i samsvar med måla som er gitt av overordna mynde for utdanningssektoren og institusjonen. 

NTNU har tilsett rektor, noko som vil seie at rektor ikkje er styreleiar, og heller ikkje med i styret. Styret tilset rektor og prorektorer, trekker opp strategiar, fastset mål og resultatkrav, legg fram rekneskap og føreslår budsjett.  Styret har med andre ord ansvar for dei «overordna linjene» i NTNU sitt virke, og legg føringar for korleis organisasjonen skal drivast, medan rektor fungerer som dagleg leiar for NTNU mellom styremøta, og rapporterer til styret.

Styret har møte 9-10 gonger i året – vervet er honorert av KD. Studentane blir valt for perioden 1. august – 31. juli.

Studentar som blir valt til styret får også tilbod om ei heiltidsstilling i leiargruppa til Studenttinget, noko som inneber permisjon frå studiane i eitt år.

Styret 2020-2021

NTNU-styret har elleve medlemmer. Fire av desse er eksterne medlemmer, og sju er interne. Dei eksterne styremedlemmene har i utgangspunktet inga tilknyting til NTNU og kjem derfor med verdfulle framlegg til NTNU. Dei interne medlemmene har alle tilknyting til NTNU. Tre av desse er fast vitskaplege tilsette. Éin frå dei teknisk-administrative tilsatte, éin representerer dei mellombels vitskaplege tilsatte, og to er studentar. 

Bilde: Thor Nielsen / NTNU

Heiltidsstilling i Studenttinget

Dei to studentane som blir valt til styret får tilbod om ei heiltidsstilling i leiargruppa til Studenttinget. På denne måten kan dei ta permisjon frå studiet så lenge dei sit i styret og arbeide fulltid med studentpolitikk og styrearbeid. Begge får kontor ved Studenttinget på Oppredningen, Gløshaugen. Studenttinget (STi) er det øvste organet for studentane ved NTNU.

STi diskuterer politiske saker ved universitetet og vedtar på vegner av alle dei 42 000 studenter ved NTNU og kva studentane meiner om saker. STi har møte éin gong i månaden. Studenttinget vel kvart år eit arbeidsutval (AU) som jobbar fulltid med å utforme saker og politikk for STi, og følger opp studentpolitiske vedtak mot NTNU. Dersom eit studentvalt styremedlem takkar ja til stillinga i Studenttinget, blir dei ein del av leiargruppa ved Studenttinget, og vil samarbeide med AU til dagleg om m.a. den daglege drifta av Studenttingets, politikkutforming, representasjon og oppfølging av dei åtte studentråda.

Styrevervet blir honorert av KD tilsvarande ca. ei 40 % stilling.
Studenttingsstillinga blir lønna tilsvarande ca. 60 %, slik at stillinga samla blir op ca. 100% i eitt år.

0
Medlemmer i styret
0
Studenter i styret

Ønsker du meir informasjon?

Trykk på knappen nedanfor for å få oppdateringar om valet og aktuelle datoar. Du kan sjølvsagt også ta kontakt med valstyret når som helst.

HOLD DEG OPPDATERT

Skriv inn e-postadressen din under, så vil du få påminnelse når valget åpner.

Skip to content