Kandidat til NTNU-styret

Presentasjon:

Det kjennes litt rart å skrive eit kandidatur i dagens situasjon med koronavirus og karantenar, men valet er digitalt og går som normalt.

Den saka som står meg nærast er utdanningskvalitet, og det er difor du bør stemme meg inn i NTNU-styret. Eg ynskjer at eit vitnemål frå NTNU skal ha tilsvarande kvalitetsstempel uavhengig av campus. Ein sjukepleiar utdanna i Gjøvik skal ha det same læringsutbytet som ein utdanna i Trondheim eller Ålesund. I løpet av studiet skal studenten oppnå læringsutbytet for sitt studieprogram. Dette gjerast ved å bruke relevante undervisningsformer og/eller formativ vurdering undervegs. NTNU må lage insentiv for at tilsette som jobbar med emne skal kontinuerleg forbetre emne sine.

Ein må også utnytte moglegheitene til å digitalisere vurderingsformene og undervisningsformene, men ein kan ikkje digitalisere for å digitalisere. Dette må innførast der det er hensiktsmessig.

Det har vore ein debatt om å gjera utveksling obligatorisk. For at fleire skal reise, må ein gjera det enklare for studentar å dra på utveksling. Ansvaret for å gjera det enkelt å dra på utveksling må ligge hjå NTNU. Då treng ein fleire hjelpemiddel enn ein lang liste med rapportar som andre studentar har skrive etter dei har vore på utveksling. NTNU må setja opp ei oversikt over kva fag forskjellige studieretningar kan velja hjå forskjellige universitet verda over.

Truls Kippernes

Alder: 23
Studerer: Elektronisk systemdesign (Master), 4. år

Litt om meg sjølv og kva eg har gjort så langt i studietida; Mitt namn er Truls Kippernes, og eg studerer Elektronisk Systemdesign. Eg fullførte ein bachelorgrad som elektroingeniør frå NTNU i 2019. Mykje av fritida mi brukar eg på å kome meg ut i naturen. Eg står mykje på ski og går ofte på topptur. Eg er ein engasjert person, noko som gjenspeilar seg i dei verva eg har hatt gjennom heile studietida mi. I mine fire år i Trondheim har eg vore med i turkomiteen til NTNUI Telemark-Alpint og vore aktiv i linjeforeininga Elektra, der eg satt som nestleiar i eit år.

I 2018 var eg fakultetstillitsvald på Fakultet for Informasjonsteknologi og Elektroteknikk. No er studentrepresentant sentralt i utviklingsprosjektet Framtidas teknologistudiar fram til 2021. Som fakultetstillitsvald sat eg både i fakultetsstyret og i fakultetets leiargruppe. Eg var med å setja opp og dele ut ein årleg sum på 100 000,- kr i velferdsmidlar, som studentforeiningar som tilhøyrar IE kan søkje på. Denne ordninga fungerer så bra at fakultetet har auka beløpet som delast ut.

NTNU har ein lang veg å gå i mange saker, og med meg som din representant i styret vil eg setja utdanningskvalitet på agendaen. Eg har fått gjort mykje som tillitsvald for studentane på IE, og no vil eg gå eit skritt lengre for alle NTNU sine studentar.

Godt val!

Hvordan bør NTNU se ut om 5 og 10 år?

Om 5 år har NTNU tatt store skritt i utdanningskvalitet og tilbyr nokre av dei mest anerkjente teknologistudiane i Europa. NTNU arbeider for å forbetra læringsareal i takt med aukinga i studentmassen. Prosjektet Framtidas HUMSAM studiar er ferdig, utviklinga av nye studieprogram og ny undervisning er starta.

Om 10 er NTNU sitt nye campus i Trondheim ferdigstilt og mykje brukt av nye studentar. Studentforeiningar har ein sentral lokasjon på campus som gjer dei synleg og tilgjengeleg. NTNU tilbyr nokre av verdas mest anerkjente studiar.

Trenger du litt mer hjelp til å bestemme deg?
Valgomaten hjelper deg å finne ut om du er enig med denne kandidaten.

Er du klar til å stemme?
Gå til valgsiden for å avgi din stemme!

Godt valg!